onsdag 2. august 2017

Gjesteblogg: Eg er stolt av å vere lærar, skriver Ingvald Straume


Eg var lærar på ein ungdomsskule. Eg hadde passert 40, og venta på at førtiårskrisa skulle slå inn over meg. Ho kom ikkje. Kvifor ikkje?

Eg hadde allereie funne svaret, då eg fortalde dette til min tidlegare, mangeårige rektor som nyleg var blitt pensjonist. Eg slapp å forklare. Gamle-rektoren visste òg kvifor. Han peika triumferande på meg og sa: "Sjølvsagt ikkje. For du jobbar jo med ungdommar."

Det er nett det. Å arbeide med born og unge i skulen er å vere på lag med framtida. Som lærar får du vere med og forme dei, oppdage og hjelpe til med å utvikle talenta deira, og gjere ein skilnad. Då er det ikkje så fælt å vere tynn i håret, kjenne at rygg og kropp melder om vondter som gamle folk snakkar om, og vite at dei sprekaste året av ditt eige liv ligg bak deg og du sjølv sannsynlegvis er nærare grava enn vogga. Som lærar får ein bety noko for andre langt ut over si eiga livslengd. Eg kunne sagt mykje meir om kor meiningsfylt og gjevande det yrket er, som eg har utdanna meg til.

Eg er stolt av å vere lærar.


Å vere lege må nesten vere meir meiningsfylt enn å vere lærar, sa eg ein gong. Eg sa det til ein far til ein livsglad, frisk unge, som dyktige legar hadde berga livet til før. Faren svara: "Ja, men det ville jo ikkje ha vore nokon legar, viss det ikkje hadde vore for lærarane." Eg tok det til meg, og i mitt stille sinn trekte eg tilbake det eg hadde sagt. Læraryrket er det mest meiningsfulle og det gjævaste yrket. Men no strevar eg, som Håvard Tjora, med å halde yrkesstoltheita oppe. Ho er ikkje lagt i grus. Men eg kjempar. Regjeringa og fleirtalet på Stortinget har bestemt at eg ikkje er god nok. At eg ikkje skal få lov til å undervise i fag som eg likar, og som eg sjølv meiner eg duger i — sjølv om eg alltid ønskjer å bli betre, og trår etter det kvar dag.

Like før eg vart avskilta — det var i juni 2015 — tok eg ei avgjerd om å hoppe av lærargjerninga i den ordinære grunnskulen for ein periode. Det var ei oppgåve innan spesialpedagogikk, som låg som eit kall for meg — kall det gjerne eit kall (sic) — og som eg valde. Men no kjem eg meg ikkje tilbake til klasserommet og ungdomsskulen eller barneskulen, der eg gjerne vil vere, og der eg har høyrt til heile mitt yrkesaktive liv. Jobbsøknadene mine blir lagt nedst i bunken, for eg er ikkje kvalifisert. Kommunane må, viss dei tilset slike som meg, koste på oss etterutdanning innan 2025 for at dei skal ha lov til å la oss undervise i sentrale fag som engelsk og matematikk. Det vil dei helst unngå. Difor er det vanskeleg for meg å få ny jobb. No skulle eg ha vore på høgda av mi karriere. Eg har søkt på mange lærarjobbar, men eg når ikkje opp. Fordi eg er avskilta.

Dette er eit svarte-Per-spel mellom sentrale styresmakter og kommunane, som kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har sett i gang. Vi, som utdanna oss til å bli lærarar fram til 2014, taper. Det er ikkje rett. Eg vil ikkje vere med på det.

Difor har eg tatt initiativ til aksjonen "Støtt de avskiltede lærerne" og oppretta ei gruppe for det på Facebook. Der er alle velkomne, unntatt politikarane som avskilta oss, det vil seie dei noverande stortingsrepresentantane frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre og Venstre, og deira vararepresentantar som var med på det, og kunnskapsministeren.

Vi skal fortelje om den uretten som desse maktpolitikarane har gjort mot oss lærarar. Det skal vi gjere fram mot valdagen 11. september. For då er det vi, folket, som har makta. Målet er å flytte veljarar frå avskiltarpartia til dei lærarvenlege partia, eller at minst eitt av avskiltarpartia snur og lovar å stemme for å påskilte allmennlærarane att når det nye Stortinget møtest til hausten. Dei lærarvenlege partia på Stortinget er: Senterpartiet, SV, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne. Eg er takksam for den støtta dei har gitt oss, og for at dei, særleg Senterpartiet, stod på for lærarane, sjølv om dei vart overkøyrd av fleirtalet. Raudt er også eit lærarvenleg parti.

Eg oppmodar alle som kjenner på solidaritet med lærarane i denne saka og som trur at ein god skule for framtida best kan byggast med styrande politikarar som spelar på lag med lærarane, og ikkje med politikarar som spyttar på oss i det dei underkjenner viktige deler av utdanninga vår og tar frå meg og mange andre moglegheita til å gjere det mest meiningsfulle vi veit: å vere lærarar.


Av Ingvald Straume - @ingwwwald

1 kommentar:

  1. Jeg støtter deg fullt ut. Er selv under utdanning som lærer, etter 30 år i det private arbeidsliv, og jobber samtidig nå fast på skole. Jeg har lært mye av lærere som har jobbet i skolen i mange år, en nødvendig og viktig faktor for meg å kunne ha disse å støtte seg på. Jeg stiller også spørsmål til mye av pensumet i lærerstudiet og mener det er mye som burde vært fornyet og lagt opp etter hvordan dagens samfunn fungerer. Blant annet tok jeg fordypning i norsk, noe jeg angret litt på, for det var utrolig mye analysering av ulik litteratur, en del språkhistorie og ikke mer fokus på grunnleggende lese- og skriveopplæring, noe jeg mener burde vært implementert i et studie rettet mot 1. - 7. klasse, som jeg tar. Liknende har jeg hørt av andre som har fordypet seg i f.eks. matte. Pensum i lærarutdanninga bør gjennomgås grundig før det kan snakkes om at den gjør lærerne bedre rustet.....

    SvarSlett